Det nye TV3 konseptet «Småbruket» skal spelast inn i Bremanger.
Ho seier dei lenge har visst at Bremanger var positive til prosjektet,
men at dei også er opptekne av at bygdefolket sjølv ønskjer å vere
med på dette. Det viste oppmøtet under folkemøtet i Kalvåg,
der heile 70 personar møtte fram.
• Forskrift om forvaltning av hjortevilt
• Sett hjort
• Kommunale målsettingar
Forelesar: Arve Århus
Stad: Ungdomshuset på Davik
Målgruppe: Valdansvarlige, grunneigarar og jegerar.
Her er synleggjort behov på fylkesvegnettet i Bremanger:
Kystvegen – 45-minuttsregionen
For vegnettet viser ein til arbeidet som pågår for Kystvegen Bergen – Ålesund, og prosjektet 45-minuttsregionen, som er ein delstrekning av Kystvegen. 45-minuttsergionen har som mål å skape ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion for kommunane Flora, Bremanger og Vågsøy, ved å utbetre vegnettet. Det er gjort likelydande vedtak i kommunestyra i dei tre kommunane om prioritering av tiltak;
- Ny tunnel Svelgen-Indrehus, utbetring Myklebustkrysset og utbetring av kurvatur v/Haukå.
- Kort ferjekryssing Ytre-Nordfjord (Tongane – Vemmelsvik) m/tilførselsveg til Rv 15 på nordsida.
- Utbetringar Svelgen-Sørdalen inkl. ny oppstigning
Det pågår planarbeid for to av dei prioriterte tiltaka. Kommunedelplan for parsell av fv 614; Svelgen- Myklebust ligg ute til ettersyn i to alternativ, opprusting av eksisterande veg eller tunnelalternativ. Forventa trasèval og vedtak av plan 2012. Kommunedelplan for fjordkryssing av Ytre Nordfjord er sett i gong i samarbeid mellom kommunane Vågsøy og Bremanger. Det er utarbeidd framlegg til planprogram som skal vedtakast før sommaren. Forventa vedtak av plan er våren 2013. For kryss Myklebust blir det arbeidd med detaljplan.
Fv 616 Ålfoten-Davik-Rugsund
Er svært skredutsett. Vegen er skuleveg og barne- og ungdomsskuleelevar. Symjeundervisning for barneskuleelevane frå Ålfoten er avslutta grunna otte for skred på veg til symjefasilitetar ved Davik skule.
Fv 616 Kalvåg – Oldeide
Vegen får trafikkauke med opning av Bremangersambandet del 2 våren 2013. Strekningen har monaleg tungtrafikk til Kalvåg. Det trengst utbetring av smale og svingete parti.
Fv 571 Struen-Grotle
Gang- og sykkelveg i samsvar med vedteken kommunedelplan frå des. 2007. Skuleveg for Hauge skule med 150 elevar. Busetnad langs heilestrekningen. Vesentleg større trafikk i sommarhalvåret.
Fv577 Myklebust – Botnane
Utbetring av svært smale og uoversiktelge strekningar. Auka trafikk grunna steinbrot i Seljestokken, forventa oppstart av regulert steinbrot også i Gulestøa. Vidare forventa auke grunna planlagde vasskraftverk og vindkraftverk.
Fv 616 Oldeiede – Klubben
Må strekningsvis opprustast, utsett for ras- og steinsprang.
Fv 572 Svelgen-Dyrstad
Auka trafikk grunna steinbrotet på Dyrstad, gjev fare for gang- sykkeltrafikk , herunder skuleborn, på strekningen Sande –Svelgen. Tunnelen på Sande er del av det som må utbetrast - utviding og breiare fortau med rekkverk.
Fv 614 Fortau Svelgen sentrum- Breivika
Fortau Breivika – Svelgen er regulert. Det må gjennomførast. Auka trafikk grunna utbyggjing av nytt byggjefelt på Langeneset. Auka trafikk når Bremangersambandet del 2 opnar om eitt år.
Fv 614 Indrehus – Haukåa
Problem i høve beredskap; framkome til sjukehus m.v., grunna skredfare og for dårleg framkomme vinterstid i Maghildskaret. Vegen må fullgodt utbetrast og rassikrast.
Andre innspel:
I fråsegna til RTP er det to andre konkrete tiltak som også er relevante for fråsegn til sak om NTP; opprioritering av Kalvåg hamn, og innsegling Svelgen. I planen er Kalvåg hamn prioritert under ramma +20%, men denne må prioriterast innanfor planteknisk ramme. Kalvåg blir i framtida fiskerihamn for heile kommunen, og vil vere viktig også i ein større region. Mudring av innseglinga til Svelgen er viktig for silisiumverksemda i Svelgen, ei hjørnesteinsverksemd i kommunen. Tiltaket må prioriterast inn i planteknisk ramme.
Stadt skipstunnel bør nemnast i høve sjøverts transport. Planane for tunnelen bør framhevast i høve tryggare sjøferdsel både for fiskeriflåte og turisme, og for samordning av båtskyssruter. Tiltaket er viktig tiltak for målet om overføring av godstransport frå veg til sjø.
Strynefjellet er med i planteknisk ramme. Det er nyss lagt fram ei konseptvalutgreiing for sambandet over fjellet. Det er viktig at det blir valt eit konsept som både er framtidsretta og som sikrar ein anleggsperiode med minst mogeleg problem for næringstrafikk. 25% av trafikken er tungtrafikk.
Formannskapet sitt vedtak frå 3. mai:
1 Dei økonomiske prioriteringane i NTP må leggje til rette for auka takt i opprusting og skredsikring av vegnettet, for å sikre trygt og effektivt framkomme for dagens nærings- og persontransport, og dermed tryggjing av busetnad og næringsliv.
2 Stadt skipstunnel innarbeidast i NTP
3 Tiltak Kalvåg hamn og mudring av innsegling til hamn Svelgen innarbeidast i planteknisk ramme
BREMANGER KOMMUNE
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med om lag 4.000 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no.
FERIEVIKARAR VED TEKNISK DRIFTSEINING
STILLING MED SAKSNR 12/1023
Teknisk driftseining treng ferievikarar på Bremangerlandet i perioden juni – august.
Arbeidet vil i hovudsak omfatte stell av grøntareal, maalingsarbeid og anna vedlikehald.
Vi søkjer hovudsakleg etter personar over 18 år som har førarkort kl. B.
Nærare opplysingar om stillinga, får du ved å vende deg til oppsynsmann Terje Hauge på tlf, 95 98 87 08
Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det.
Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening
SØKNADSFRIST: 18.05.2012
BREMANGER KOMMUNE
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med om lag 4.000 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no.
Bremanger Hamn og Næring KF søkjer etter:
TURISTVERTAR
STILLING MED SAKSNR 12/1000
Vi søkjer etter to vertar til turistinformasjonen i Kalvåg for sommarsesongen 2012,frå juni til ca.19. august.
Stillingane er 100 %, inklusiv helg. Løn etter kommunalt regulativ.
Kvalifikasjonar for stillinga:
Vi søkjer etter utadvendte og serviceinnstilte personar over 18 år. Der er ønskjeleg med sertifikat for personbil. Turistvertane må kunne snakke norsk og engelsk flytande, og helst tysk. Det er og ein fordel med datakunnskapar.
For nærare informasjon, ta kontakt med Ann Irene Gulestøl, tlf 97 52 85 61.
Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det.
Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening
SØKNADSFRIST: 14.05.2012
Sogn og Fjordane Teater skal syne teaterstykket Matias Orheim av Mette Brantzeg og Norvald Tveit
Billettpris
Vaksne: kr.240,-
Student/honnør/firdakortet/gruppe (min) 5 personar kr 190,-
Billettavgift kjem i tillegg.
Mathias Orheim med ord, felespel og glasmusikk.
Svelgen kapell
Fredag 27. april 19.00
Frøya kyrkje, Kalvåg
Torsdag 26. april kl 19.00
Billettsal på www.billettservice.no . Vi oppmodar flest mogeleg til å kjøpe billettar på billettservice og skrive billettane ut heime.
Matias Orheim frå Stårheim i Nordfjord fann vegen til hjarte på ein heil generasjon. Han vart blind i ungdomsåra, men reiste likevel rundt i heile landet saman med kona Marie og forkynte. På møta spelte Orheim fele og glasmusikk.
Meir informasjon
www.softeater.no
Kulturkontoret
MI
– Nord-Europas høgste sjøklippe og ei bortgøymd perle, kven vil vel ikkje oppleve det, smiler Tom Stiansen, programleiar i 71 grader nord.
Måndag og tysdag gjorde han og eit crew på 45 personar opptak til episode seks av den nye sesongen av 71 grader nord som skal visast på TVNorge til hausten.
– Kva kan du seie om kva deltakarane har gjort?
– Eg kan seie at vi er glade for at det er så bra ver, smiler Stiansen, som held korta tett til brystet når det gjeld detaljar frå handlinga i serien.
– De får sjå på TV til hausten, spøker han.
– Kven var det som fekk ideen om Bremanger?
– Det var vi. Produksjonscrewet hadde det på ønskelista si. Hornelen er jo Nord-Europas høgste sjøklippe. Det er alltid spennande. I tillegg er det ei relativt ukjend perle, seier Stiansen, som berre vil røpe at årets deltakarar skal opp på Hornelen.
– Vi skal opp, gjere nokre morosame ting der, og ned igjen, seier han.
Les meir i Fjordenes Tidende si papirutgåve.
Mann avhengig av rullestol søkjer ein person som kan hjelpe 7 timer pr. veke.
Oppgåvene består av:
Hjelp til innkjøp, lettare husarbeid. I tilleg viktig å få hjelp til kontakt med hjelpeinstansar i kommune og off.kontor.
Har eigen bil, men kjører ikkje sjølv.
Timane kan delast over 2 dagar, men timane skal nyttast på dagtid.
Stillinga er ledig omgåande, og ein ynskjer snarleg henvending på stillinga.
Søknad sendast til:
Driftssjef i Familie og Helse
Bremanger kommune
Postboks 104
6721 Svelgen
For meir informasjon om stillinga, henvend dykk til:
Driftssjef Anita Brevik, tlf. 959 82 939
Fagleiar psyk.helse, Ann Kristin Bråten, tlf. 959 82 989
Teaterframsyninga “Urmakarens hjarte” av Miriam Prestøy Lie i Svelgen samfunnshus laurdag 21. april kl. 18.00 og Bremangerhallen 20 april er avlyst pga tekniske årsaker.
Kulturkontoret
Tre kommunar langt nede
Fjaler er den kommunen i fylket som har lågast snittgjeld i aldersgruppa 18-34. Her er talet 206.400 kroner, og kommunen plasserer seg nesten nedst i landssamanheng på ein 416. plass.
I Fjaler har snittgjelda blant dei unge auka med 30,1 prosent frå ti år tidlegare, då talet var 158.700 kroner.
Balestrand og Hyllestad plasserer seg også langt nede på lista når det gjeld kor dei unge har mest gjeld, på høvesvis 414. og 413. plass.
I Balestrand er snittgjelda blant dei unge 210.800 kroner og i Hyllestad 212.700 kroner.
Den gjennomsnittlege gjelda for aldersgruppa 18-34 år er 470.900 kroner på nasjonalt nivå. Øvst på lista ligg Time i Rogaland, der snittgjelda for dei unge ligg på 632.700 kroner.
I botnen ligg kommunen Leka, med ei snittgjeld for dei unge på 137.000 kroner, ein nedgang frå 175.800 kroner ti år tidlegare.
Leikanger er den kommunen i fylket der snittgjelda blant dei unge har auka mest dei siste ti åra. Dei unge har auka gjelda frå 184.100 til 459.000, ein auke på 149,3 prosent.
Snittgjeld aldersgruppa 18-34 år:
| Kommune (nasjonal plassering i parentes) | 1.1.2011 | 1.1.2001 | Endring i prosent |
| Årdal (26) | 523800 | 250500 | 109,1 |
| Førde (61) | 473900 | 264700 | 79,0 |
| Leikanger (83) | 459000 | 184100 | 149,3 |
| Sogndal (96) | 446600 | 244500 | 82,7 |
| Naustdal (98) | 440300 | 221000 | 99,2 |
| Lærdal (200) | 377400 | 198000 | 90,6 |
| Luster (204) | 374600 | 173500 | 115,9 |
| Vågsøy (215) | 366700 | 219800 | 66,8 |
| Selje (218) | 363700 | 172600 | 110,7 |
| Jølster (228) | 361100 | 203400 | 77,5 |
| Flora (229) | 360800 | 260900 | 38,3 |
| Gaular (237) | 357000 | 187400 | 90,5 |
| Solund (274) | 334900 | 201400 | 66,3 |
| Eid (277) | 333000 | 185900 | 79,1 |
| Gloppen (292) | 323500 | 163100 | 98,3 |
| Askvoll (317) | 305700 | 170000 | 79,8 |
| Stryn (325) | 301800 | 182600 | 65,3 |
| Gulen (329) | 299100 | 167100 | 79,0 |
| Høyanger (335) | 295200 | 221900 | 33,0 |
| Hornindal (341) | 291100 | 179000 | 62,6 |
| Bremanger (366) | 268400 | 217600 | 23,3 |
| Vik (372) | 264200 | 133000 | 98,6 |
| Aurland (385) | 246600 | 169300 | 45,7 |
| Hyllestad (413) | 212700 | 180100 | 18,1 |
| Balestrand (414) | 210800 | 168500 | 25,1 |
| Fjaler (416) | 206400 | 158700 | 30,1 |
Kvalifikasjonskrav og vilkår for alle løyva verte stilte i medhald av yrkestransportlova med forskrifter. Det er taksameterplikt og uniformsplikt for alle løyvehavarane.
Luster
- Løyve S-015 gjeld for personbil med inntil ni sete. Bilen skal vere tilrettelagt for rullestol.
- Stasjoneringsstad: Skjolden–Fortun.
- Søknadsfrist: 30. april 2012.
Bremanger
- Løyve S-340 gjeld for personbil med inntil ni sete.
- Stasjoneringsstad: Kalvåg.
- Søknadsfrist: 30. april 2012.
Gloppen
- Løyve S-437 gjeld for personbil med inntil ni sete.
- Stasjoneringsstad: Sandane Taxisentral.
- Søknadsfrist: 10. mai 2012.
Søknad på fastsett skjema skal sendast til
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger
Trioen Norway Pelagic, Carolas Buaspa og Knutholmen samlar kreftene om eit nytt badeanlegg i Kalvåg.
Går alt etter planen blir det byggjestart allereie til hausten. Svein Inge Fosse ved Knutholmen seier til Firdaposten at han håpar planane lar seg realisere for kring ti millionar kroner.
Han håpar eit slikt badeanlegg mellom anna vil opne for nye kundegrupper til Kalvåg.
– Målet er at anlegget skal kome heile bygda til gode, seier han til avisa.
Planane har eksistert tidlegare, og no har initiativtakarane også fått tomt heilt nede i fjæra. Det universelt utforma bassenget er tenkt under tak, med eit minstemål på 8–9 meter x 12,5 meter, og får utsikt utover Buvika.
No har Norway Pelagic, Carolas Buaspa og Knutholmen søkt kommunen om støtte til vidare prosjektering. Anlegget skal ha heilårsdrift og vil liggje vegg i vegg med Carolas Buaspa.



































