21.05.2012
Annonser
Annonse

Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med om lag 4.000 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no.

 

Bremanger kommune søkjer etter nye medarbeidarar. Vi har følgjande stillingar ledige:

 

DRIFTSSJEF / REKTOR

 STILLING MED SAKSNR 11/1891

 Frå 01.08.12 er det ledig ei 100 % fast stilling som driftssjef/rektor ved driftseininga Svelgen oppvekst. Driftssjefen har det økonomiske, faglege og administrative ansvaret for driftseininga.

Svelgen oppvekst inneheld fulldelt barne- og ungdomsskule med 195 elevar, og 6-avdelings barnehage med i alt 78 barn. Fleire opplysningar om driftseininga finn du ved å gå inn på www.svelgen-oppvekst.no.      

Kvalifikasjonar for stillinga:

Vi søkjer etter ein person med pedagogisk kompetanse og  gode leiareigenskapar. Den som vert tilsett må vere utviklingsorientert, ha gode samarbeidsevner og kunne arbeide målretta.

Leiarutdanning og / eller erfaring som leiar er ein fordel.

Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Politiattest av ny dato må leggjast fram.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å ta kontakt med kommunalsjef Gunnar Skjølberg

tlf. 95 98 87 10, eller personalsjef Liv Marit Bøen, tlf. 57 79 63 00.

 

 SJUKEPLEIARAR

 STILLING MED SAKSNR  11/1890

 Ved Open omsorg indre, Svelgen bu- og servicesenter har vi ledig 3 sjukepleiarstillingar.

 

•             2 faste 100 % stillingar frå 01.04.12.

•           100 % vikariat i tida  01.04.12 – 31.03.12.

 

Open omsorg ytre, heimesjukepleien i Bremanger:

 

•           100 % stilling vikariat frå 01.06.12.

•           Arbeid i 3- delt turnus, 2- delt skift. Vi har forhandlingsturnus.

 

Bremanger sjukeheim, Kalvåg :

 

100 % stilling årsvikariat frå snarast.

Vi har forhandlingsturnus.

 

Kvalifikasjonar for stillinga:

Vi søkjer etter offentleg godkjende sjukepleiarar, gjerne med tilleggsutdanning innan psykisk helsearbeid eller geriatri.

 

Nærare opplysingar om stillingane får du ved å ta kontakt med:

Driftssjef Lillian Hareide v/ Open omsorg indre, tlf  95 98 93 10.

Driftssjef Karine Igland v/ Open omsorg ytre, tlf. 95 98 29 40.

Driftssjef  Anne Karin Svarstad v/ Bremanger sjukeheim, tlf 95 98 29 44 .

Kommunalsjef ,  Randi Ytrehus, tlf. 95 98 87 07.

 

 

 BARNEVERNSPEDAGOG / SOSIONOM

 STILLING MED SAKSNR  12/127

 Ved barnevernstenesta har vi ledig 100 % fast stilling.

Vi søkjer etter ein person med utdanning som sosionom eller barnevernspedagog, men andre med re

relevant høgskuleutdanning kan og søkje. Relevant erfaring er ein føremun. Søkjar må ha førarkort.

Den som vert tilsett skal i hovudsak arbeide innan barnevern, men oppgåver etter anna relevant lovverk er og aktuelt.

Nærare opplysingar om stillinga, får du ved å vende deg til:

Driftssjef Anita Brevik, tlf. 95 98 29 39.

Fagleiar Stine Mari H. Solheim, tlf. 91 75 01 43.

Kommunalsjef  Randi Ytrehus  tlf. 95 98 87 07.

 

 

ARBEIDSLEIAR I AKTIV JOBB, AVD. YTRE BREMANGER

 STILLING MED SAKSNR  12/132

 

Ved Aktiv Jobb, avd. Fossestranda i Ytre Bremanger er det ledig 100 % stilling som arbeidsleiar frå snarast.

Vi søkjer etter ein person med helse og sosialfagleg høgskuleutdanning eller fagbrev innan relevant fagområder.

Andre med relevant praksis kan og søkje. Vi søkjer etter ein person med gode praktiske evne. Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Søkjar må ha førarkort.

Nærare opplysingar om stillinga, får du ved å vende deg til avdelingsleiar Arne Loftheim,

tlf. 95 98 29 30 , eller kommunalsjef  Randi Ytrehus, tlf. 95 98 87 07.

 

 

REINHALDAR VED STASJONEN BARNEHAGE

 STILLING MED SAKSNR  12/133

 

Vi har ledig ei 50 % fast stilling som reinhaldar ved Stasjonen barnehage frå 01.03.12

Vi tek atterhald om organisasjonsmessige endringar.

Vi søkjer etter personar med fagbrev innan reinhald, men andre med erfaring og interesse kan og søkje.

Nærare opplysingar om stillinga, får du ved å vende deg til driftssjef Liv Hauge Ryland

tlf. 57 79 14 14/ 95 98 29 78.

 

 

FAGKONSULENT VED TEKNISK DRIFTSEINING

 STILLING MED SAKSNR  12/134

 

Ved teknisk driftseining er det ledig ei 100 % stilling som fagkonsulent landbruk.

 

Teknisk driftseining har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale bygg og anlegg og forvaltningsoppgåver knytt til kart/oppmåling, byggjesak, arealplan, ureining, vilt/utmark og landbruk. Avdelinga har pr i dag ca 4,5 årsverk retta mot forvaltningsoppgåvene.

 

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:

-           Tilskotsforvaltning (SMIL, RMP, produksjonstilskot mm.)

-           Sakshandsaming innan jordlov, konsesjonslov, odelslov m.fl.

-           Sakshandsaming etter anna regelverk innanfor landbrukssektoren

-           Fagleg rådgjeving og rettleiing ovanfor brukarar med investeringsplaner

-           Deltaking i planprosessar (kommuneplan, arealplaner mm.)

-           Oppfølging av gardskart-prosessen

Andre oppgåver innanfor driftseininga sitt ansvarsområde kan bli tillagt stillinga

 

Vi søkjer ein person som har:

-           Høgskule-/universitetsutdanning  innan relevant landbruksfag.

-           Erfaring frå sakshandsaming/forvaltningspraksis er ynskjeleg

-           God kjennskap til bruk av relevante dataverktøy og geodata

-           Positiv og løysningsorientert innstilling, og gode evne til både sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre

-           God munnleg og skriftleg framstillingsevne

-           Førarkort kl B

 

Vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og godt arbeidsmiljø.

 

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til driftssjef Magnhild Myklebust,

tlf 95 98 30 00.

 

 

DRIFTSINGENIØR TEKNISK DRIFTSEINING

STILLING MED SAKSNR  12/135

 Ved teknisk driftseining er det ledig ei 100 % fast stilling som driftsingeniør ved byggavdelinga.

 Driftsingeniør bygg har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale bygg og eigedommar, og har økonomi- og personalansvar for dei tilsette innanfor byggavdelinga. Kommunal bygningsmasse er på om lag 40 000 m2, og det er ca 7 årsverk tilknytt bygningsavdelinga, i tillegg til driftsingeniøren. Næraste overordna er teknisk sjef.

 

Driftsingeniøren er fagleg leiar for kommunale bygg, og har ansvar for oppfølging av drift og vedlikehald ved dei kommunale bygga, innkjøp av varer og tenester og prosjektleiing  knytt til mindre utbygging- og ombyggingsprosjekt.  Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga etter kvalifikasjonar.

 

Vi søkjer ein person som har:

-           Ingeniørhøgskule evt. teknisk fagskule, bygningsfagleg retning

-           Erfaring frå tilsvarande arbeid

-           Førarkort kl B

-           God kjennskap til bruk av relevante dataverktøy

-           God munnleg og skriftleg framstillingsevne

-           Evne til både sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre

-           Er strukturert og ryddig, og har evne til å prioritere mellom mange oppgåver

 

Vi kan tilby ein spennande og allsidig jobb med eit variert arbeidsområde, godt arbeidsmiljø og flinke medarbeidarar.

 

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til driftssjef Magnhild Myklebust,

tlf  95 98 30 00.

 

 

For alle stillingane gjeld:

 

  • Vi kan tilby utfordrande arbeid i eit positivt og godt fagmiljø 
  • God pensjonsordning og heildøgns forsikring 
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, reglar og tariffavtaler 
  •  Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass 
  •  Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det
     
  • Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening 

 

SØKNADSFRIST: 06.02.12

 

Kommentarer er stengt.

Bremanger kommune

Bremanger kommune

BNR
Bremanger