21.05.2012
Annonser
Annonse

 

Bremanger Musikklag, med bandet Spik Adel og vokalistar, skal til Førde og Florø igjen! Denne gongen med eit breitt utval av dei største blinkskota frå 70- talet.

 

Desse har  gjesta både Førde og Florø tidlegare med konsertane sine. Først med ABBA i 2001, seinare med Elton John-konserten  og sist med Countrymusikk i 2009. Over 15000 har til no vore på konsertane deira!

 

Hot Stuff  er eit utval av blinkskot  frå 70- tals musikken. Også denne  gongen treff  dei  publikum med musikken sin. Med strålande tilbakemeldingar etter konsertane i Bremanger og Svelgen  våren 2011, bekreftar dei topp kvalitet og «leverer» nok ein gong.

Frå repertoaret: BoneyM, The Band, Deep Purple, Aretha Franklin, John Lennon, Bruce Springsteen, Aerosmith, Janis Joplin og Hits som Killing me softly, You’ve got a friend, Ophelia, Greased Lightnin’, Soldier of Fortune, Beast of Burden, Imagine, Thunder Road  og mange, mange fleire,- både  melodiar og artistar.

 Denne konserten er bygd på same måten  som dei  tidlegare oppsetningane. Kombinasjonen korps, band og vokalistar gjev musikken ein enorm ”trøkk”.

Som vokalistar møter vi: Norvall Klungresæter,  Elisabeth Solbakken, Trond Strand, Grete Berntzen, Hilde Hauge  og Monica L. Hauge.

Band( Spik Adel): Jarle Grotle, Roger Igland, Norvall Klungresæter,  Einar Nesbakk og Helge Førde

Førdehuset, fredag 2. mars kl 20.00

Flora Samfunnshus laurdag 3. mars kl. 20.00

 Begge foto: Foto: Svanhild Breidalen. Fjordenes Tidende

Musikalsk leiing Rune Hannisdal og Trond Strand

 

Kommentarer er stengt.

Bremanger kommune

Bremanger kommune

BNR
Bremanger